KJØP KUNST PÅ NETT
Besøk oss i galleriet - Amfi Stord (Lørdager)
Gratis frakt i Norge
KUNSTGALLERI
Bjørn Bjørlykke f. 1942
Opphavleg fitjarbu, men har vore stordabu sidan 1978. Har eige atelier i Kviteluren og held på å byggja opp eit nettgalleri: gallerikvitebjørn.no. Han har drive med biletkunst heile sitt liv, men har først dei siste åra fått tid til å arbeida skikkeleg med det.
Bjørlykke er i hovudsak figurativ kunstnar, men i forenkla og abstraherande uttrykksformer. Han legg vekt på heilskapleg komposisjon med samspel og spenning i linjer, form og farge. Bileta kan vera enkle, men gjev ofte rom for ulike tolkingar.
Bjørlykke brukar ulike teknikkar. Mest har han brukt ulike pensel- og skrapeteknikkar i akryl- og oljemaleri. Men han har òg laga tresitt på ein måte som nærmast kan kallast monotypi. Han legg tynn oljemaling på reinskorne figurar i treplate og trykkjer det over på papir. Dermed vert alle trykka forskjellige i farge og treverknad.
Bjørn Bjørlykke har arbeidd som lektor og førsteamanuensis på Katedralskulen i Bergen, Univeritetet i Tromsø og på Høgskulen Stord/Haugesund, hovudsakleg i faget norsk.
I kunstfaget er han sjølvlærd, men har vore inspirert av mange kunstnarar og kunstretningar Han har vore med på diverse utstillingar både på Stord, i Volda og på Hareid, men hadde si første sparatutstilling på Galleri Losjen i Fitjar 2017. Har totalt selt eller gjeve bort om lag 50 bilete.
Veldig fine bilder og god service ved kjøp😀
Jeg er så fornøyd med å handle med deg. Veldig seriøs og effektiv. Jeg fikk bildet levert på døra her i Svolvær, kunne ikke blitt bedre. Du fulgte opp hele tiden og lurte på om og når jeg fikk bildet.
Takk for hyggelig handel, god kommunikasjon gjennom sms og telefonsamtaler. Handler gjerne med deg igjen.
Tone Kilvær Eilertsen